God førjulsstemning i frikyrkja

Med ei lun og god stemning vart det årvisse og tradisjonelle julemessa til Ørsta frikyrkje arrangert laurdag.

Julemesse: Alice Moe Vadset, Solfrid Skare Lystad og Inger Lise Ørstavik i arrangørkomiteen var godt nøgde med oppmøte til årets julemesse i Ørsta frikyrkje.  Foto: Joachim Åsebø

Frikyrkja har fleire misjonsprosjekt som vi støttar, og midlane går til desse

Nyheiter

Medan det var vindfullt og vått ute 1. desember, mangla det ikkje varm og god stemning i kjellaren i Ørsta frikyrkje. Det har vore tradisjon gjennom mange år å arrangere julemesse anten siste helga i november eller første helga i desember. I år hamna julemånaden sin første dag på ein laurdag og då vart det julemesse 1. desember. Både tombola, loddsal, sal av handverksgjenstandar og mykje godt i matvegen lokka mange innom årets julemesse.

– Det brukar å vere bra med folk som legg turen innom. Vi er alltid spente på om vår messe kolliderer med andre julemesser, men vi ser at det er mange som legg turen innom fleire messer, seier Inger Lise Ørstavik som saman med Alice Moe Vadset og Solfrid Skare Lystad utgjer arrangørkomiteen for julemessa.