Møbelhistorie i Aasentunet

Då møbeleventyret kom til Ørsta

Kjetil Tandstad og Eldar Øyehaug Høidal har skrive bok om møbeleventyret på Sunnmøre, og fortalde om det i Aasentunet.

Møbelhistorie: Kjetil Tandstad og Eldar Øyehaug Høidal i Ivar Aasen-tunet søndag  Foto: Svein Aam

Nyheiter

– Det er ikkje skrive ei samla historie om møbelfabrikkane på Sunnmøre før, og det er pussig sidan dei viktigaste møbelfabrikkane ligg her, seier Kjetil Tandstad.

Og «her» betyr mellom anna Ørsta, som vart ei av dei viktigaste møbelbygdene, takka vere innflyttarar frå Sykkylven og Stranda.