Snøen stoppar leiting i høgda

Vinteren er på veg. Det påverkar leitinga etter den sakna Maja Justyna Herner.

Snø: I løpet av helga kom snøen lenger ned i fjellsidene. Tysdag og onsdag er det meldt meir snø. Foto: Svein Aam  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Det er snart to veker sidan den polske kvinna vart meldt sakna, og som medførte ein stor leiteaksjon i området Skåla/Saudehornet.

Leiteaksjonen var resultatlaus, og politiet har konkludert med at kvinna truleg har omkome. Den siste veka har politiet med eigne ressursar gjennomført ymse søk, utan resultat.

– I og med at det vert snø, og det er meldt kaldare ver, vil det ikkje verte gjennomført nye søk. I alle fall ikkje i dei områda som vert snødekte, får Møre-Nytt opplyst hos politiet sin operasjonssentral i Møre og Romsdal.

Vêrmeldinga frå Meteorologisk institutt fortel at det natt til tysdag vert nordvest stiv kuling på kysten og i fjellet. Det medfører snøbyer og slubbyer.

Onsdag vil det framleis kome nedbør. Det vert snø- og sluddbyer.