Har starta innsamlingsaksjon i heimlandet

Sender polske detektivar til Ørsta

Polske venner av den sakna Maja Justyna Herner har starta ein innsamlingsaksjon til inntekt for vidare leiting etter henne. Vennene trur og håper ho framleis kan vere i live.

Sakna: Den 25 år gamle Maya Justyna Herner er sakna i Ørsta.  Foto: Pressefoto/Politiet

Paulina Kmiecik saman med Maja  Foto: Privat

Nyheiter

– Vi starta ein aksjon sist fredag, og der målet er å samle inn 30.000 zloty (ca. 70.000 norske kroner). Allereie har vi samla inn 11.000 zloty, fortel Paulina Kmiecik, ein av initiativtakarane til innsamlinga til Møre-Nytt måndag ettermiddag.

Pengane skal brukast mellom anna til å sende folk frå eit polsk detektivbyrå til Noreg.

– Dei gjer dette kostnadsfritt, men vi støttar reise og opphald med dei innsamla pengane. Dessutan ynskjer vi også å gje ei gåve til Røde Kors som takk for den innsatsen dei har lagt ned i søket etter Maja, fortel Kmiecik.

Formelle kanalar

- Møre og Romsdal politidistrikt kan stadfeste at representantar frå eit polsk byrå har teke kontakt med lokalt politi i Noreg. Tilbakemeldinga til desse er at norsk politi må halde seg til dei formelle kanalane for samarbeid mellom ulike lands politimyndigheiter, skriv politiet i ei pressemelding.

- I den vanskelege situasjonen som dei pårørande i Polen no står i, forsøker vi å ha ein god dialog og trygge deira informasjonsbehov. Dette gjer politidistriktet gjennom ein eigen polsktalande polititenestemann. Han held  pårørande orientert om politiet si etterforsking og leitinga etter den sakna, informerer politiet.

Gir ikkje opp

Dei polske vennene registrerer at norsk politi trur Maja har omkome. Dei nektar likevel å gje opp håpet.

– Så lenge ho ikkje er funnen, er det håp. Og det kan hende ho har kome seg ned frå fjellet, seier Kmiecik.

Ho fortel at dei har vore i kontakt med polske ekspertar på fjellredning, og dei har sett på kart frå området.

Kmiecik understrekar at representantar for detektivbyrået har vore i kontakt med norsk politi om forsvinningssaka.

Sidan vennene publiserte saka på Facebook, har ho vorte delt over tusen gonger.

– Delingane er like viktig som pengegåvene, slik at flest mogleg får vite om Maja, og kanskje kan ha tips om kva som kan ha skjedd, seier Kmiecik.

Etter at Møre-Nytt publiserte saka sende politiet ut denne pressemeldinga: "Møre og Romsdal politidistrikt kan stadfeste at representantar frå eit polsk byrå har teke kontakt med lokalt politi i Noreg. Tilbakemeldinga til desse er at norsk politi må halde oss til dei formelle kanalane for samarbeid mellom ulike lands politimyndigheiter.

I den vanskelege situasjonen som dei pårørande i Polen no står i, forsøker vi å ha ein god dialog og trygge deira informasjonsbehov. Dette gjer politidistriktet gjennom ein eigen polsktalande polititenestemann. Han held  pårørande orientert om politiet si etterforsking og leitinga etter den sakna."