Julelauget for 49. gong

Er dette eit av dei siste Julelauga?

Over to dagar var det over tusen startar då Julelauget til VTI-symjing vart arrangert for 49. gong. Håpet no er at symjeklubben skal få ta med seg historia og tradisjonen over i ein ny symjehall.

Julelauget: I år vart det 49. Julelauget arrangert. VTI-symjing vonar at det blir mange fleire i ein ny symjehall.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

I fjor var det rekorddeltaking i Julelauget. Påmeldinga i år var litt lågare, men framleis over gjennomsnittet for det tradisjonsrike symjestemnet. Dei aller fleste symjarane som var i aksjon laurdag og søndag høyrer til klubbar i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, men det var også symjarar frå klubbane i og rundt Bergen som hadde teke turen til Søre Sunnmøre i den første desemberhelga.

– Vi har i år 232 deltakarar. Av desse var det 133 symjarar i open klasse og 99 rekruttar. For å få eit slikt arrangement i hamn er vi tolv dommarar, seks tidtakarar og mange fleire som stiller opp for symjeklubben. Vi er rundt førti personar i sving, men det er ein kjekk dugnad. Julelauget er eit av dei største stemna i regionen, og det er fast tradisjon for svært mange, seier stemneansvarleg Ingrid Sævik og Laura Myklebust.