Hamra og banka på døra - hadde gått feil

Nyheiter

Politiet fekk natt til søndag melding om at ein person i Volda sentrum hadde fått ein uønska person på døra. Det vart hamra og banka på døra hans, og politiet tok seg til staden. Det viste seg at den uønska personen hadde gått til feil leilegheit og at han trudde han banka på døra til si eiga leilegheit. Politiet hjelpte mannen med å finne rett dør.

Eit køyretøy vart og avskilta i Volda sentrum i natt.