Opplevde kraftig jordskjelv i Alaska

"Alt låg strødd ut over golvet"

Hilde Kristine Røv frå Ørsta hamna midt i det kraftige jordskjelvet i Alaska fredag kveld.

Alaska: Hilde Kristine Røv saman med mannen Brad  Foto: Privat

Nyheiter

Ho bur i Eagle River i Alaska, 15 min nord for storbyen Anchorage, saman med mannen Brad og tre søner. Dette området var senteret for eit jordskjelv med styrke 7 fredag kveld, norsk tid.

I Alaska var det morgon, og Hilde Kristine Røv var på veg til jobb.