Å hjelpe andre motiverer Kristin

– Når alarmen går, og du veit du skal på aksjon. Då vert du berre så fokusert. Du veit du skal gjere ein jobb.

Normaliseringsplanen: Røde Kors-folka må ha tid til å ta seg att etter eit slik aksjon, seier Kristin Riise. Søndag kveld, då leiteaksjonen vart avblåst, vart det sett opp ein normaliseringsplan for å gå igjennom alt som måtte gjerast i ettertid.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Det fortel Kristin Riise (33), mangeårig eldsjel i Ørsta Røde Kors. No er ho leiar i Ørsta Røde Kors, og har opplevd ei veke med mykje arbeid for organisasjonen. Alt har handla om å finne den sakna Maja Justyna Herner.

Oppsummerer: Kristin Riise og korpsleiar Øystein Bjørdal tek ein kort prat for å oppsummere under aksjonen.  Foto: Rune Sæbønes

– Det høyrest kanskje litt spesielt ut, men det er for slike situasjonar vi øver og trenar. Vi skal vere der når nokon treng hjelp. Då er det godt å oppleve at alle som medverkar er engasjerte, og skjønar rolla dei skal ha, seier Kristin.