VØR må utsetje på Melsgjerdet

VØR har ikkje kome i gang med utbygginga av omlastingsstasjonen for matavfall og restavfall på Melsgjerdet. No er håpet at selskapet kjem i gang i løpet av 2019.

Melsgjerdet: Petter Bjørdal og VØR må vente på ei ny regulering av Melsgjerdet før byggjestart på omlastingsstasjonen.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

– Hovudårsaka til utsetjinga er at Ørsta kommune har sett seg nøydde til å lage ein ny reguleringsplan for området. Den eksisterande planen er tjue år gammal, og særleg er det dei interne vegløysingane i næringsområdet det må gjerast noko med, seier Petter Bjørdal, dagleg leiar i Volda og Ørsta reinhaldsverk (VØR).

Dette påverkar ikkje innføringa av ei meir omfattande kjeldesortering frå nyttår av. At husstandane også skal sortere matavfall frå 1. januar, ligg fast.