No er Hovdebygda nr. 27 klar for lesarane

Sjekk desse erkehovdebygdingane: Nokre av dei har skrive milevis om forstaden til Ørsta.

SogeLansering: Erkehovdebygdingar under lanseringa av årets sogeskrift i regi av Hovdebygda soge og velferdslag. F.v. Gudny Fagerhol, redaktør Roar Rønning, Ottar Ringset, Sveinung Walseth, Oddmund Hovden, Roe Digernes, Oddbjørn Aam, Guttorm Øye og Brynjulf Skurtveit. Eit av måla med sogebøkene er at alle som bur i Hovdebygda, og folk elles, skal verte betre kjende med Hovdebygda si fortid og notid.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Boknemnda: Sveinung Walseth, Roar Rønning og Oddmund Hovden. Bottolf Lødemel manglar. Rønning er mangeårig redaktør.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Og mila vert endå lenger etter at Hovdebygda soge- og velferdslag no presenterer skrift nr. 27 «Hovdebygdingar – der du tyktest vera kjend». Det er tradisjon å ha sitat i tittelen på sogebøkene i Hovdebygda. Og årets tittel er henta frå ei verselinje av Ivar Aasen, frå andre strofa av «Upp og ned» frå 1881.

Stemning

Det er småkaldt i lokalet, men mykje varme og god stemning rundt bordet i sanitetshuset i Hovdebygda, når bygda sin årlege dokumentasjon over liv og hendingar vert presentert over kaffi og kringle. Dette er bok nummer 27 i skriftserien «Mi gamle grend». Kring 7.000 sider har det vorte alt i alt opp gjennom åra, kanskje litt mindre, kanskje noko meir. Men tomt for stoff er det slett ikkje.

– Det vert aldri tomt for stofftilfang i Hovdebygda. Alle har ei historie, og alle har ei historie som fortener å kome på trykk, vurderer skriftnemnda, Bottolf Lødemel, Oddmund Hovden, Sveinung Walseth og redaktøren sjølv, Roar Rønning. Sistnemnde har vore redaktør i alle fall tjuefire gonger, kanskje meir, fortel Sveinung Walseth.

Han meiner det er grunn til å takke Rønning mykje for alle timane han har lagt ned for denne skriftsamlinga som mellom mange er ei populær julegåve.

Moderne tid

Nokre har sakna nyare stoff i bøkene, difor inneheld årets bok hendingar heilt fram til i dag.

Stoff er henta både frå Møre-Nytt sitt arkiv, frå sogelaget sitt eige materiell og frå private.

– I år var det mange som leverte bilde til oss, difor har vi hatt mykje stoff, ja, meir enn vi trudde vi fekk, seier Walseth.

Til dei som vil vite kva denne skriftlege snopøska inneheld, kan vi fortelje at ho startar med ein fyldig bildekavalkade for heile året laga av Sveinung Walseth. Så går det slag i slag. 27 artiklar over kring 170 sider skulle invitere til stille stunder i romjula for dei sogeinteresserte.

Mellom artiklane tek fast bidragsytar Martin Furseth føre seg Rotesteinen i Pålgarden på Digernes. Og Roar Rønning tek m.a. føre seg Hovdebygda både for 50 og 51 år sidan. I følgje Rønning hadde Møre-Nytt i 1967 ein sjokkrapport om sigarettar, men at pipe og sigarar var nærast ufarlege.

Sveinung Walseth skriv m.a. om HIL-profil Bjørnar Ingebrigtsen. Walseth tek også føre seg Olav Innselset og Martin Hovden – vener i krigstid, og slutten for konvallfabrikken.

Boka har eit opplag på 350 og vert seld både på dørene og i bokhandel.