Kontrakt utan Skår

Torsdag signerte Fjord 1 og fylkeskommunen den nye kontrakten for ferjetilbodet på Indre Sunnmøre. Det er utan Skår.

Signerte: Administrerande direktør i Fjord1 ASA, Dagfinn Neteland og assisterande samferdselssjef Magne Vinje i Møre og Romsdal fylkeskommune, signerte torsdag kontrakten for drifta av fire ferjesamband på indre Sunnmøre.  Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Nyheiter

– I den kontrakten som no er underskriven, er det rett at Skår ikkje er med. Men Skår kan kome med viss opsjonen for å setje inn reservemateriell for strekninga Standal – Trandal vert utløyst, seier kontraktssjef Jesper Wiig i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kontrakten omfattar ferjesambanda Eidsdal-Linge, Stranda-Liabygda, Hundeidvik-Festøy og Sæbø-Leknes-Standal-Trandal.