Det seier Helge Vatne i Ørsta Røde Kors. Denne veka vart det klart at testamentet etter Magne Haugen er erkjent gyldig. Ørsta Røde Kors, saman med Røde Kors: Tilbodet «Ferie for alle», Barnas Turlag Volda/ Ørsta og Opplevelseskontoret Møre og Romsdal, deler likt om lag 15 millionar kroner som Haugen testamenterte til organisasjonane. Rundt 3,75 millionar kroner til kvar organisasjon. Det har vore ein tvist om testamentet har vore gyldig. Søre Sunnmøre tingrett si avgjerd gjekk i favør organisasjonane og ein ven av Haugen. Dommen er no rettskraftig etter at brørne til Haugen ikkje valde å anke.
– Hadde eit sosialt engasjement
Magne Haugen var typograf. I 1970 vart han tilsett i Romsdals Budstikke. Der arbeidde han fram til 2008 då han gjekk av med pensjon. Det meste av formuen skapte han gjennom vellukka aksjeplasseringar. Haugen voks delvis opp på barneheimen i Hovdebygda, og hadde klare tankar om korleis det han lét etter seg skulle fordelast. Han bad om hjelp til å finne organisasjonar i Ørsta som arrangerer opplevingar, reiser og tilbod for vanskelegstilte born. Han vart alvorleg sjuk i 2015 og vart innlagt på Molde sjukehus. Om kvelden 7. januar 2016 døde Haugen. Mange av kollegaene tok turen til Ørsta for å ta del i gravferda. Ansvarleg redaktør Ole Bjørner Loe Welde (no i permisjon) heldt minneord.