Forsvinningssaka: Undersøker mobildata

Seks politifolk går no opp i fjellet med eigne mobiltelefonar for å finne ut kvar den sakna Maja Herner (25) i Ørsta kan ha gått.

Politihelikopteret kom til Ørsta for å hjelpe.   Foto: Møre og Romsdal politidistrikt / NTB scanpix

Nyheiter

(Sunnmørsposten):Det er NRK Møre og Romsdal som melder dette.

Herner har vore sakna i Ørsta sidan onsdag 21. november. Den siste sikre observasjonen av 25-åringen er frå overvakingskamera på ein matbutikk klokka 12.35. Deretter skal Herner ha kommunisert med folk mellom 13-13.30 om at ho var i ferd med å legge ut på ein fjelltur. Bilen ho disponerte vart funnen ved vassverket i Ørsta, eit utgangspunkt for turar mot Saudehornet, Nivane og Vallahornet.


Leitinga held fram etter Maja

Nyttar drone i søket

Torsdag var dronepilotar på plass i Ørsta for å søke endå betre i fjellområda rundt Saudehornet der tilkomsten er vanskeleg.


Politiet trur Herner kan ha parkert her ca. 13.30 etter å ha vore heimom og skifta klede etter butikken.

– Politiet intensiverer i dag arbeidet for å tolke datatrafikken frå mobilen til den sakna polske kvinna, skriv NRK. Seks politifolk går på fjelltopppane med eigne mobilar og samanliknar trafikkdata dei har fått ut frå mobilen til 25-åringen.

Dette for å avgrense søkeområdet.

Det er kjent at Herner hadde to mobiltelefonar, ein polsk og ein norsk. Den polske fann politiet på parkeringsplassen ved vassverket. Den norske trur dei at ho tok med seg på tur.

Politiet går samstundes gjennom 2600 bilete som er teken frå lufta for å sjå etter spor i terrenget. Fleire hundre frivillige, Røde Kors, redningshundar og andre har leita etter Herner den siste veka. Søndag gjekk ein over til å leite etter ein omkomen person.

Denne saka vart først publisert av Sunnmørsposten.