– Helsa til borna meir verd enn pengar!

Foreldre på Sæbø vil ha ny skule snarast

– Det er ungane våre det handlar om, og deira helse. Denne er meir verd enn pengar!

folkemøte: Mange møtte opp på folkemøtet om situasjonen for skulen på Sæbø. Siw Lillebø, t.v., var ein av dei som kravde at kommunen no snarast byggjer ny skule.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Siw Lillebø var mellom fleire som kom med eit hjartesukk då grendelaget på Sæbø onsdag kveld arrangerte folkemøte om den utrangerte skulen i bygda. Og både ordførar Stein Aam (Sp), leiaren i levekårsutvalet, Odd Magne Vinjevoll (Frp) og politikar Synnøve Rekkedal Hill (Sp) måtte stå skulerett overfor ei forsamling i eit stappfullt klasserom i skulen sitt gamlebygg, eit lokale som er milevis ifrå å stette krava til moderne skuledrift.