Arbeidsløysa går ned i Ørsta

På eitt år har det vorte 11 færre arbeidsledige i Ørsta. I Volda er arbeidsmarknadstala stabile.

Arbeidsløysa: Nav registrerer at arbeidsløysa er nokolunde stabil i Møre og Romsdal.  Foto: Yngve Johnsen

Nyheiter

Det viser dei siste månadstala frå Nav Møre og Romsdal.

Tala frå Nav syner at det ved utgangen av november var 114 personar heilt utan arbeid i Ørsta og Volda, og det utgjer 2,0 prosent av arbeidsstyrken. Det var 76 kvinner og 38 menn heilt utan arbeid.

I Volda var det 82 personar heilt utan arbeid, og det utgjer 1,8 prosent av arbeidsstyrken. Av desse var 51 menn og 31 kvinner.

I Møre og Romsdal samla ligg arbeidsløysa på 2,2 prosent ved utgangen av november.

Nav Møre og Romsdal presiserer at det er innført ei ny registreringsløysing av arbeidssøkjarar. Dette medfører at arbeidsledige raskare vert registrert. For novembertala vil det seie at nokre fleire er registrert no, og som tidlegare ville ha vorte registrert i desember.

I Møre og Romsdal ligg arbeidsløysa samla på 2,2 prosent, og i landet totalt på 2,3 prosent.

Rune Sæbønes