Våge ny kundeansvarleg i SpareBank 1

John Kåre Våge er tilsett som senior kundeansvarleg for bedriftsmarknaden i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Nytilsett: John Kåre Våge er ny kundeansvarleg i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.  Foto: Pressefoto

Nyheiter

Etter 15 år i Sparebanken Møre og 4,5 år som Finance Manager i Borgstein AS startar John Kåre i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

– John Kåre har lang erfaring frå bank og næringsliv i Ulstein-regionen. Han er marknadsorientert og har god kjennskap til næringslivet, noko som er viktig i eit område der SpareBank 1 Søre Sunnmøre har ambisjonar om vekst. Vi har stor tru på at John Kåre vil bidra til å styrke bedriftsmarknaden i banken, seier Stig Brautaset, adm. Direktør i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

John Kåre er oppvaksen på Sandsøya, men er i dag busett i Ulsteinvik. Han tek til i stillinga 1. januar 2019.

– Eg ville tilbake til bank og ikkje minst til ein lokal bank med lokal beslutningsmynde. SpareBank 1 Søre Sunnmøre satsar på næringsliv og har store ambisjonar om å ta større marknadsandelar. Å kunne få vere med på denne veksten var ei moglegheit eg ikkje kunne takke nei til.