Sæbø og Dalane barnehage er med i pilotprosjekt

Set motorisk aktivitet i system

– Når vi spør ungane om vi skal lage til desse aktivitetane så svarar dei: Jippi! Og så byrjar dei å rydde og lage til sjølve.

motorisk aktivitet: Erfaringane med pilotprosjektet Frisk og aktiv i Ørstabarnehagen er gode. Tysdag vitje Friskliv Ørsta Sæbø barnehage og gav innspel til finmotorisk aktivitet som står på programmet i desember.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

I vår tok styrarane i Dalane barnehage og Sæbø barnehage kontakt med Friskliv Ørsta.

– Gjennom utviklingsarbeidet Saman om Ørstabarnehagen har vi blant anna lært mykje om motorikk, fysisk aktivetet og utvikling. Difor har vi starta pilotprosjektet Frisk og aktiv i Ørstabarnehagen, seier styrar Karen Rekkedal i Sæbø barnehage.