Håper på plass i fylkestinget

Anne Sølvi Vatne er nominert som nummer 12 på Møre og Romsdal Høgre si liste til fylkestinget.

På fylkestinget? Anne Sølvi Vatne. Foto: Ørsta Høgre  Foto: Ørsta høgre

Nyheiter

I dag har Høgre ni plassar på Fylkestinget i Møre og Romsdal.

Men Anne Sølvi Vatne meiner sjansane for plass er til stades.

– Vi har hatt gode meiningsmålingar i det siste. På den siste var Høgre inne med 12 mandat. Så det er berre å stå på i valkampen, seier Vatne.

Dan Bjørneset frå Volda er på 25.-plass på lista. Peter Bjørnest, som er sonen til Dan Bjørneset, står som nummer 42.

Lista vert toppa av Hareid-ordførar Anders Riise, med Monica Molvær (Ålesund) som nummer to, og Torgeir Dahl (Molde) som nummer tre.

Deretter: Kjersti Andersen (Smøla), Falk Daniel Øveraas (Unge Høgre/Vestnes), Heidi Nakken (Vestnes), Bente Bruun (Haram), Torbjørn Sagen (Kristiansund), Dag Olav Tennfjord (Skodje), Elise Fiske (Ålesund/Fræna)

– Med Anders Riise på topp har Høgre fått ei liste der Sunnmøre og Søre Sunnmøre er godt representert, seier Anne Sølvi Vatne, som også er Ørsta Høgre sin ordførarkandidat