Endeleg for hestesporten på Mosflata

Hestesportsfolket kan endeleg puste ut etter at ein leigeavtale for hest på Mosflata er spikra.

Avklaring: Hestefolket, her ved Anita Mari Brekke, kan puste ut etter at kommunen har inngått leigeavtale med tre hesteforeiningar. Her frå synfaring på Mosflata der ordførar Stein Aam tok del.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Det er klart etter at formannskapet samrøystes har godkjent leigeavtalen mellom kommunen og Ørsta ride og køyreklubb, Ørsta/Volda Fjordhestlag og Vestri Islandshestforeining. Desse laga skal skipe eit føretak som står for utbygging og drift av eit hestesportsanlegg som kan etablerast på eit område på tjue dekar på Mosflata, går det fram av avtalen med kommunen.

Leigeperioden er på førti år og hesteklubbane må betale knappe førti tusen i året. Men ordinær leigeregulering skal gjerast med auke i konsumprisindeksen. Dette kan gjerast kvart tredje år.