– Gi gjerne ei julegåve til det nye apparatet

Aksjon: I slutten av oktober gjekk startskotet for innsamlingsaksjonen til nytt apparat ved Volda sjukehus. No er det samla inn 700.000 kroner. Arkivfoto  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

- Vi nærmar kr 700.000 med det som er innkome på konto og beløp som vi har fått tilsegn om. Det var resultatet måndag 26. november då arbeidskomiteen hadde møte, opplyser aksjonsgruppa for nytt apparat ved Volda sjukehus.

- Vi er på god veg, og vi veit at mange venter på å kunne ta undersøkinga i Volda. Det er så viktig å forebygge utviklinga av beinskjøre bein. Brot i ei arm, ein fot eller rygg er plagsamt og smertefullt. Første tiltak er å måle beintettheita og så få effektiv behandling som nyttar saman med fysisk aktivitet. Det er best for kvar enkelt person i denne «skjøre» gruppa og i tillegg god samfunnsøkonomi.


125.000 kroner til ny røntgenmaskin for beintettleik ved sjukehuset

– Ein pangstart!

Torsdag gjekk startskotet for innsamlingsaksjonen til ny røntgenmaskin som måler beintettleik ved Volda sjukehus. Innsamlingsaksjonen fekk ein god start med 125.000 kroner inn første dag.


- Aksjonen er godt i gang og vi er overvelda over det engasjement og oppslutting som mange viser. Ryggsterke innbyggarar som støtter sjukehuset, det er vi alle tente med. Vi er så takksame for positive omtale, initiativ og handlingar til aksjonen.

- Som du ser, vi treng enda fleire kroner for å nå målet med innkjøp av det beste apparatet som kostar nesten 1.3 mill. Vi ønskjer oss julegåve til innsamlingskontoen, store eller små beløp, frå enkeltpersonar, bedrifter og organisasjonar. Alle kroner tel!