Millionarv til barn og unge

Brør ankar ikkje sak om millionarv

Organisasjonar som jobbar for barn og unge arvar 15 millionar kroner etter ein mann som døde for ei tid tilbake. Det er klart etter at brørne til mannen tapte rettssaka og no har bestemt seg for ikkje å anke.

Vann fram: Advokat Nils Ivar Sylte representerer organisasjonane og kameraten til avdøde som er tilgodesett med pengar i testamentet. Frå venstre: Runa Bakke, Barnas Turlag Ørsta/Volda, Ann Kristin Bekkevoll, Opplevelseskortet, Helge Vatne, Ørsta Røde Kors og Unni Østlie, Røde Kors sentralt.   Foto: Anne-Mari Tomasgaard

Nyheiter

smp.no Søre Sunnmøre tingrett meiner at det usignerte testamentet som ein mann let etter seg før han døde, skal leggast til grunn for skiftet av dødsbuet. Dommen er no rettskraftig.