Formannskapet med klar melding til fylkestinget

– Må byggje ny vidaregåande skule

I ein situasjon der kampen om pengar er større enn nokon gong i fylket, kjem Ørsta formannskap med ein klar uttale til fylkestinget i høve nytt skulebygg i Ørsta.

Uttale: Hans Olav Myklebust (Frp) utarbeidde uttalen der fylkestinget vert sterkt oppmoda om å løyve pengar til ny vidaregåande skule i Ørsta.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Uttalen var utarbeidd av Hans Olav Myklebust (Frp) og vart tysdag samrøystes vedteken.