Pressekonferanse søndag kveld

Alt tyder på at Maja har vore i fjellet

Politiet har gode spor som tyder på at den sakna Maja Herner har vore i fjellet.

Etterforskingsleiar Inger Myklebust Ferstad frå Møre og Romsdal politidistrikt  Foto: Svein aam

Nyheiter

Dette kom fram på ein pressekonferanse på Røde Kors huset i Ørsta søndag kveld. Politiet har no tatt over ansvaret. For klokka 1630 søndag gjekk leitinga over frå å vere ein redningsaksjon til å vere "søk etter ein antatt omkomen".

– Den sakna hadde to mobiltelefonar, ein med polsk og ein med norsk nummer. Den eine fann vi i bilen hennar, medan politiet har grunn til å trur at ho hadde med seg den andre på tur. Teledata som politiet har innhenta viser at den har vore i dekningsområdet som fjellpartiet omfattar. Telefonen har likevel på eit tidspunkt gått ut av nett, seier etterforskingsleiar Inger Myklebust Ferstad.

Teorien er då at mobilen gjekk tom for batteri.

– Betyr det at det til dømes kan seie at ho har vore på Saudehornet?

– Nei, data er ikkje så presise som det.

Den omfattande  leitinga  i fjellområda ovanfor Ørsta sentrum sidan onsdag har ikkje ført til resultat

– Vi har ikkje gjort funn som så langt kan knytast til den sakna, seier Myklebust Ferstad.

Frå leitinga søndag, der rundt 300 personar deltok.  Foto: Svein Aam

 

Både laurdag og søndag deltok over 300 personar i søket.

– Søka i dag og i går er på detaljnivå- finsøk over store område. I høgareliggande terrreng har vi søkt med helikopter, men det er eit bratt og krevjande terreng med ein del lause fjellparti, og her har det vore vanskeleg til no å gjennomføre finsøk. Vi vil etter kvart vurdere mulegheita for finsøk også her, men det krev meir planlegging, seier innsatsleiar Stian Meek ved Politiet i Ørsta-Volda.

Innsatsleiar Stian Meek  Foto: Svein Aam

 

Politiet har drive etterforsking parallelt med leiteaksjonen i fjellet.

–  Vi har prøvd å kartlegge bevegelsane hennar onsdag 21  november. Den førebels siste observasjonen er frå eit overvakingskamera i Ørsta sentrum klokka 12.35. Mellom 1300 og 1330 melde ho frå til fleire uavhengige vitne om at ho er i ferd med å gå ein tur på fjellet, utan å gi uttrykk for kva som var turmålet. Men ho gav uttrykk for at ho ville vere vekke i om lag to timar, og vi har funne bilen hennar ved turvegen i Skåla, seier etterforskingsleiar Inger Myklebust Ferstad.

Leitinga held fram i morgon, men det vert ikkje fleire massemønstringar av frivillege, slik det ser ut no.

– Politiet held fram si etterforsking og det er svært viktig å kome i kontakt med vitne som har vore i fjellområdet ved Skåla etter klokka 12 onsdag. Det er viktig å seie at alle kan sitte på viktige observasjonar. Det har vore mange folk ute, og sjølv om dei ikkje trur eller meiner dei har sett noko relevant, er det viktig å kome i kontakt med desse vitna. Vi er også interessert i foto og videomateriale som vitna har hatt, seier etterforskingsleiar Inger Myklebust Ferstad.

Basert på det som har kome fram så lang er politiet sitt hovudspor at den sakna ligg i fjellet, men enno ikkje er funne.

– Vi undersøker svært breidt. Vi låser oss ikkje til nokon teori. Men poltiet har ingen haldepunkt for at noko straffbart har skjedd, seier Myklebust Ferstad.

Politiet har enno ikkje avgjort strategien for den vidare leitinga, men det er lite aktuelt å mobilisere fleire frivillege.

– Vi treng ikkje frivillige måndag, med mindre det skjer ei utvikling i etterforskinga, seier innsatsleiar Stian Meek.