Festdag i Dalane barnehage

– Vi har fått det kjempefint!

Høgtidleg opning: Helene Brekke og Ziobhan Van Bemmel fekk æra av å vere snorklipparar saman med ordførar Stein Aam, då nybygget til Dalane barnehage vart opna offisielt, tysdag. 

Det er fantastisk kva vi har fått ut av pengane

Ordførar Stein Aam
Nyheiter

Klar melding frå ungane i Dalane barnehage. Tysdag var det festdag med song, talar og snorklipping for å feire at barnehagen har fått nytt og romsleg tilbygg. Og ekstra stas var det at Åmdal sin «eigen» ordførar, Stein Aam, tok turen for å feire på heimebane.