Ladda opp til kvalik på Sæbø

Komande søndag spelar AaFK den fyrste kvalifiseringskampen for opprykk til eliteserien. I helga ladda laget opp på Sæbø.

  Foto: Rune Sæbønes

  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Laurdag stilte spelarane på fyrstedivisjonslaget på kunstgrasbana på Sæbø for trening. Det vart ei ganske lett ykt på kunstgrasbana.

Det er ikkje fyrste gong AaFK har lagt ei treningssamling til Sæbø. Og at det skjer på Sæbø, er ikkje tilfeldig. Eigarane av Hotell Sagafjord på Sæbø er også involverte i AaFK, mellom anna Reidar Tryggestad som i ei årrekkje har vore tungt inn i AaFK.

Lars Bohinen var med på oppvarminga.  Foto: Rune Sæbønes

Med trenar Lars Bohinen i front stilte laget til trening på kunstgrasbana laurdag føremiddag. Sjølv om det er eit stort alvor som ventar til helga, var det ein lett og munter tone på treninga. Bohinen, som spelte på det norske landslaget mellom anna i USA-VM, deltok sjølv på oppvarmingsøvingane, og viste litt av gamle kunster.

Holmbert Aron Fridjonsson i aksjon.  Foto: Rune Sæbønes

Fleire i Sæbø IL visste at det var AaFK-trening denne dagen, og nokre kom for å følgje med på treninga.

– Det er hyggjeleg at AaFK kan trene hos oss, og det er fint at dette skjer i eit samspel med hotellet, seier Øyvind Taklo i Sæbø IL.

Spelarane og støtteapparatet overnatta på Sagafjord, før det var retur til Ålesund søndag.

AaFK trente på Sæbø laurdag, med majestetiske Slogen som kulisse - og ein ikkje fullt så pen Sæbø skule.  Foto: Rune Sæbønes

Komande søndag vert altså den fyrste kvalikkampen spelt, mot Nest-Sotra på Color Line Stadion. AaFK enda på tredjeplass i OBOS-ligaen, noko som medfører kvalifisering for eliiteserien. Det var Mjøndalen og Viking som sikra seg dei direkte opprykksplassane.