Vil ha brannvernssamarbeid

Rådmennene på Søre Sunnmøre vil ha eit brannvernssamarbeid på tvers av kommunane.

Brannvern: Rådmennene til dei sju kommunane på Søre Sunnmøre vil ha tettare samarbeid mellom brannverna.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Hareid og Ulstein kommunar har slått saman sine brannvern. No er det ifølgje Vikebladet Vestposten aktuelt med eit større brannvernssamarbeid som inkluderer Herøy, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda.

– Ørsta og Volda har også arbeidd med å slå seg saman, utan at det resulterte i noko formalisert samarbeid. Herøy og Vanylven har vedteke å gå inn i eit forpliktande samarbeid frå 1. januar 2019. Då vil dei få felles brannsjef. Føremålet med ein felles brannsjef er å samordne dei administrative, beredskapsmessige og førebyggande ressursane for å kunne yte effektive tenester til innbyggjarane, heiter det i sakspapira til teknisk utval i Ulstein kommune.

Ifølgje avisa er det ikkje snakk om å byggje ein felles brannstasjon for dei sju kommunane .

– Yrkesbrannvesen med heildøgns beredskapsvakt på brannstasjon vil med noverande regelverk og oppgåver ikkje vere aktuelt. Etter det ein veit er det heller ikkje aktuelt på fleire tiår.