– Hestesporten er nede for teljing

To år i uvisse har sendt hestesporten ut i ingenmannsland.

Møtte formannskapet: Anita Mari Brekke frå Ørsta ride- og køyreklubb og ordførar Stein Aam på Mosflata, der hestesportsinteressene er lovd tomt.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Det ligg eit vanvitig potensial i denne sporten

Anita Mari Brekke
Nyheiter

– Vi har mange medlemer, men vi klarer ikkje å få til noko, fortalde Anita Mari Brekke frå Ørsta ride- og køyreklubb, då ho møtte formannskapet på synfaring på Mosflata, der hestesporten er lovd tomt.

Då bygginga av den nye Ørstahallen tok til, miste hestesporten både ridebane og hall. Mangel på plass gjer at dei ikkje klarer å halde store arrangement.