- Tørr humor og gode vitsar gjer susen

Marius Hodt er kiropraktor hos Optimal helse i Ørsta, og austlendingen finn sunnmørsnaturen givande.
Nyheiter

Korleis er kvardagen din?

Kvardagen min er travel, men veldig givande. Eg jobbar 100 prosent som kiropraktor, fem dagar i veka, i tillegg til at eg er hovudtrenar for Volda Symjing. Elles går fritida til trening, fjellturar og vener.