Vil bruke fond til skule

Samfunnsutvalet vil at noko av pengane frå Havbruksfondet skal gå til oppgradering av skulebygg i Ørsta.

Opprusting: Kan nokre av millionane frå Havbruksfondet nyttast til å få orden på skulebygga i Ørsta? Til dømes Sæbø skule?  Foto: Rune Sæbønes

Bruken av Havbruks- fondsmidlar, bør leggast inn i masterplan-arbeidet for Hjørundfjorden og Ørsta som ei langsiktig finansieringsstimulering

Samfunnsutvalet

Midlar: Samfunnsutvalet vil øyremerke midlar til masterplanarbeidet for Hjørundfjorden og Ørsta.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Det var Alexander Riise Olsen (AP) som fremja dette forslaget. Det fekk samrøystes fleirtal, då utvalet på siste møte diskuterte kva Ørsta sin del av Havbruksfondet skal brukast til.

Samfunnsutvalet meiner også at kommunen bør søkje om midlar frå fylkespotten frå Havbruksfondet til å kunne fullføre ein kystsoneplan for Ørsta og tilstøytande kommunar som grensar til våre havområde i kommunen. Potten er på 8,6 mill.

Samordne

– Desse kommunane bør samordne dette arbeidet/og søknaden til fylkeskommune-potten som er på 34 millionar i 2018. Ørsta kommune bør søkje om 15 millionar saman med dei tilstøytande kommunane til dette føremålet, seier samfunnsutvalet.


Det var leiar Inge Kolås (Frp) som hadde utarbeidd framlegget til vedtak.

Samfunnsutvalet meiner at det naturlege prinsippet for fordeling av kostnadane mellom kommunen/fylket må vere basert på 50/50 midlar.

– Ei satsing på å få på plass overordna planar i ein kystsoneplan, kan vere av avgjerande verknad i utvikling og forvaltning av felles gode og ressursar for kommunen. Dette vil sikre stabil utvikling av heile kommunen. Det er vidare viktig at kulturbasert reiseliv, kulturminne og reiselivsbaserte næringar vert prioritert i ein plan for kystsoneplanarbeid, seier utvalet.

Det peikar på at Ørsta kommune har mellom anna mange område som gjerne kan kombinerast med naust, rorbuer og hytteutvikling i strandsoner der dette kan tilpassast dei eksisterande stadbundne næringane i kommunen.

– Det må løyvast årlege midlar inntil arbeidet med kystsoneplanen er sluttført. Samfunnsutvalet meiner at det vil vere naturleg at desse midlane vert nytta til reiselivsbaserte næringar, og kulturminne.

Samfunnsutvalet meiner vidare at midlane må nyttast til stimulering jamfør Masterplanen for Hjørundfjorden og Ørsta som nyleg er vedteken.

Langsiktig

– Kommunestyret bør gje langsiktige føringar som støttar opp under tiltak som kan fremje busetting, etableringslyst og samtidig støtte opp under stadbundne næringar si moglegheit for å verte bevarte og som kan utviklast i ein kombinasjon med reiselivsbaserte næringar.

– Bruken av Havbruksfondsmidlar, bør leggast inn i Masterplanarbeidet for Hjørundfjorden og Ørsta som ei langsiktig finansieringsstimulering, rår utvalet til.

Det meiner at noko av midlane også bør brukast til å oppgradere kaier i Ørsta, slik at litt større båtar kan legge til. Det foreslo Anne Sølvi Vatne (H) og fekk resten av samfunnsutvalet med seg på dette.