Over 25 år lang prosess

No kjem endeleg dei nye nausta på Vartdal

11 nye naust er under bygging på Vartdal. Det har vore ein lang prosess, som ikkje er heilt i mål.

Utbygging: Rorbuene byrjar å nærme seg ferdigstilling. Petter Buset og Bernt Tore Aarset er to av grunneigarane som er med på utbygginga.  Foto: Joachim Åsebø

Dette er erstatnings- tomter for naust- rettar i gamle Årsetvika, og sidan eg var gutunge kan eg hugse at det har vore snakk om bygging her

Petter Buset
Nyheiter

Mange har nok lagt merke til at det har vore byggeaktivitet på Lisjeneset ved Ramobuda. Her har grunneigarane i Årsetdalen, som har fått erstatningstomter for sine naustrettar, samla seg for å bygge rorbuer.