Fjord 1 held fram på Hjørundfjorden

Fjord1 ASA har vunne kontrakten for ferjesambanda på Indre Sunnmøre. Det gjeld m.a. Hjørundfjordferja.

Fjord1: Fjord1 trafikkerer i dag Hjørundfjorden, og får halde fram også frå 2020.  Foto: Marius Myklebust

Nyheiter

Møre og Romsdal fylkeskommune har tildelt kontrakt for ferjesambanda Eidsdal-Linge, Stranda-Liabygda, Hundeidvik-Festøy og Sæbø-Leknes-Standal-Trandal til Fjord1 ASA, heiter det i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Kontrakten for indre Sunnmøre vil gjelde frå 1. januar 2020 og fram til 31. desember 2033.

Møre og Romsdal fylkeskommune skal ruste opp kaianlegga knytt til Eidsdal-Linge slik at dei kan bli trafikkert av større ferjer. Kaianlegga er i dag små og har avgrensa levetid. Kontrakten inneber ein omfattande reduksjon av CO2-utslepp og bruk av fossilt drivstoff for dei to ferjesambanda Eidsdal-Linge og Stranda-Liabygda når nye fartøy skal settast inn. CO2-utsleppa blir for desse sambanda redusert med om lag 90 %.

– Det har vore god konkurranse om oppdraget, og vi er svært glad for å redusere miljøutsleppa frå fylkesvegferjene som ligg tett inn på verdsarvområdet, seier samferdselssjef Arild Fuglseth.