Fekk bot i Osgeila

Osgeila har fått nye skilt.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Politiet heldt torsdag kveld kontroll i Osgeila i samband med at der er ny skiltplan og einvegskøyring.

På twitter melder politiet om resultatet etter kontrollen: Tre fekk forenkla førelegg for køyring mot einvegskøyring.

Kontroll på E39

Politiet heldt også kontroll  på E39 i Liadal torsdag kveld, med fokus på promille. 47 vart kontrollerte, alle blåste grønt.