Ørsta Byggservice til Tindebygget

Til Tindebygget: Konstituert dagleg leiar Elisabeth L. Haugen, bustadkonsulent Monika Barstad Rebbestad og byggeleiar Ingmar Jøsokbakke frå Ørsta Byggservice.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Ørsta Byggservice AS har flytta frå Garvargata til Tindebygget, melder dei i ei pressemelding.

Ørsta Byggservice er BoligPartner sin forhandlar i Ørsta-distriktet, som sidan 2002 har bygd og levert mange bustader.

No håper dei på besøk i sine nye lokale i andre etasje i Tindebygget i Ørsta sentrum.

- Vi har vore på utkik etter nye lokale lenge, og er svært godt nøgde med å kunne flytte inn i flunkande nye kontor. Vi får det noko mindre enn vi har hatt det tidlegare, men kontorfasilitetane er mykje betre, seier bustadkonsulent Monika Barstad Rebbestad.

- Her er det nyare og mykje lysare. Utsikt har vi også. I tillegg gler vi oss til å kome i hus saman med mange andre. Her er mange kontor og mykje folk, og det synest vi er hyggeleg.

Satsar vidare

Ørsta Byggservice AS har fått nye eigarar i Boligpartner, og Elisabeth L. Haugen er konstituert dagleg leiar i selskapet.

I tillegg til bustadkonsulent Monika Barstad Rebbestad, er også byggeleiar Ingmar Jøsokbakke med på laget.

- Vi satsar for fullt vidare innan både einebustad- og hyttemarknaden. I tillegg sel vi tomannsbustader, fortel Elisabeth L. Haugen, som oppmodar alle som ønskjer å bygge nytt til å kome innom for ein uforpliktande prat.