Inn i Tindebygget

Møre-Nytt på flyttefot

Møre-Nytt er på flyttefot. Vi forlet Nekken og etablerer oss i Tindebygget.

Dette blir det nye redaksjonslokalet til Møre-Nytt. Fremst redaktør og dagleg leiar Svein Aam. F.v: Rune Sæbønes (journalist), Janne -Marit Myklebust (journalist), Henrikke Vaagen (marknadskonsulent), Arnulf Hjertvik (marknadskonsulent), Roy-Arne Folkestad (journalist), Joachim Kroken Åsebø (journalist) 

Nyheiter

Går alt etter planen vert den første dagen i det nye lokalet torsdag 15.november. Då skal leiaren, fire journalistar og to marknadskonsulentar vere på plass i Tindebygget, med adresse Ivar Aasen- gata 10.

– Leigeavtalen for det noverande lokalet på Nekken gjekk ut, og Møre-Nytt AS har nytta høvet til å sjå seg om i marknaden for kontorbygg. I Tindebygget har vi fått lokale som er særs godt tilpassa behova våre, til ein konkurransedyktig pris, seier dagleg leiar og redaktør i Møre-Nytt Svein Aam.

For ti år sidan selde Bergmann-familien avisbedrifta Møre-Nytt AS til Sunnmørsposten/Polaris Media. Bygget på Nekken, som er eigd av Møre Nytt Eigedom AS, var ikkje omfatta av salet, men det vart inngått ein leigeavtale på ti år.

– Sidan då har mykje skjedd i mediebransjen. Møre-Nytt har som alle andre nedbemanna, samstundes som ny teknologi er innført. Dermed har vi også fått andre behov for lokale. Arbeidet skjer framfor små  skjermar, og ikkje framfor store maskinar. Såleis er plassbehovet mykje endra, seier Svein Aam.

Medarbeidarane i Møre-Nytt ser fram til å kome inn i nye lokale.

– Vi er på offensiven og opplever vekst i talet på abonnentar. Omstillinga vi har vore gjennom har gjort oss godt rusta til å møte framtida, og vi får no eit lokale som gjer det tydeleg at vi er ei topp moderne mediebedrift.

Dei nye lokala ligg i andre etasje, over gangen for NAV sine kontor.

– Vi flyttar så å seie berre over vegen, og eg trur at folk vil finne fram. Dei som har noko å fortelje oss, eller noko dei skal ordne, anten det gjeld annonsering eller abonnement, må gjerne stikke innom, sjølv om vi i dag har løysingar som gjer at alt kan ordnast gjennom nettet eller over telefonen.