Kloakk stengde kulturhuset

Ørsta kulturhus måtte stenge onsdag grunna kloakk i kjellaren.

Ørsta kulturhus  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

- Kloakkrøyret vart greve av onsdag. Vi veit ikkje heilt kva tid eller kvifor det skjedde, men det sette seg ei propp som gjorde at det som kom frå kulturhuset ikkje for unna. Det kom tilbake og opp slukane og i toaletta i kjellaren. Det var nok mest snakk om skitvatn, seier Roger Steinnes frå Ørsta kommune.

- Det var noko hektisk på kvelden, onsdag, før vi fekk avklart kva som var gale. Kvifor røret vart kopla frå og ikkje kopla på att, veit vi ikkje, men no er alt oppe og går som normalt, fortel han.

Eit reingjeringsbyrå har vore på kulturhuset torsdag og gjort reint.

- Så no er alt i orden, forsikrar Steinnes.