Jubileumskonsert med Volda Hornmusikk

Volda Hornmusikk vart stifta i 1888, og er det eldste amatørkorpset i fylket. Vi er også eit av dei eldste korpsa i landet.

Volda Hornmusikk: Det eldste amatørkorpset i fylket fyller 130 år, og inviterer til jubileumskonsert.  Foto: Volda Hornrmusikk

Nyheiter

Volda Hornmusikk er svært aktivt, og vi tel i dag tett på 30 faste medlemmer.

I høve at vi i år fyller 130 år, skal Volda Hornmusikk ha Jubileumskonsert på Volda Samfunnshus laurdag 17. november. Korpset har nylig avslutta ei vellykka øvingshelg, og er i full gang med førebuingane til jubileumskonserten.

Vi er stolte av å ha fått med oss Ørsta Hornmusikk, Follestaddal Hornmusikk, i tillegg til dei evig-unge i Veterankorpset i Volda på denne konserten. Det er vi svært glade for!

Både Follestaddalen og Ørsta er i konsertmodus, og Veterankorpset har øvd inn nokre marsjar frå den tida Volda Hornmusikk vart starta.

Konserten blir i storesalen på Volda Samfunnshus. Vi kan by på eit variert program, med alt frå marsjar til meir svingande rytmer.

Korpsa har også fleire solistar og vi håpar at so mange som mogleg har lyst å dele ettermiddagen med oss til ei musikalsk oppleving.

VELKOMNE!