Tek imot blåreseptar for sjukepleieartiklar

Bandagist-kjede har etablert seg i Vikegata

I Vikegata i Ørsta har det kome ein bandagist-butikk – eit tilbod retta mot kronisk sjuke og andre med helseplager.

Butikk: Fysioterapeut Geir Arne Aarseth (t.v.) og sjukepleiar Robert Lorvik tilbyr tenester og artiklar for kronisk sjuke og andre med helseplager. I butikken finn ein mange sortar hjelpemiddel. Dei er tilknytt Banda-kjeda, men driv som sjølvstendige eigarar lokalt.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Fotpleie: Ann Sofie Forberg driv fotpleie vegg i vegg med Banda-butikken.  Foto: Geir Arne Aarseth

Vikegata: Fysioterapeut Geir Arne Aarseth og sjukepleiar Robert Lorvik har god tru på drifta av banda-butikken i Vikegata, midt i Ørsta sentrum.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Banda, ei butikkeigd kjede, formidlar i Vikegata hjelpemiddel til kronisk sjuke, og har også eit breitt utval av helserelaterte produkt.

– Vi har oppgjersavtale med det offentlege, og tek i mot blåreseptar innan sjukepleieartiklar som handlar om stomi, urinlekkasje/inkontinens, kateter, ernæring, kroniske sår, diabetes og hoftebeskyttelse. Vi tek også imot rekvisisjonar på brystproteser.

Det fortel fysioterapeut Geir Arne Aarseth, og sjukepleiar Robert Lorvik som er dagleg leiar.

Helsepartner

Saman med marknads- og økonomiansvarleg Vetle Haugen har dei etablert selskapet Helsepartner 1 AS.

I fleire år har Geir Arne Aarseth drive butikk i den delen av gågata som no er opna for trafikk. Då har det handla om sal av spesial-sko, og spesialtilpassing av soler for slike, for folk med helseutfordringar, ikkje minst diabetes.

No er tilbodet kraftig utvida gjennom etablering av bandagist-verksemd, og med i den daglege drifta har Aarseth altså fått sjukepleiar Robert Lorvik.

– Sørvis er eit stikkord for verksemda vår. Opplæring og personleg oppfølging er alfa omega, like mykje diskresjon. Difor har vi også eige samtalerom der kunden kan prate om sin situasjon, om årsaker og moglegheiter. Når det gjeld brystproteser har vi knytt oss til ein kvinneleg sjukepleiar som tek seg av dette, og som hjelper til med val, tilpassing, justering og opplæring. Vi har sjølvsagt teieplikt, og handsamar alle opplysningar konfidensielt slik det skal og må vere. Det er avgjerande for verksemda at vi skal ivareta vår faglege integritet. Den kompetansen vi ikkje har sjølve, hentar vi, fortel Aarseth og Lorvik.

Bandagist-verksemda køyrer også ut varer gratis til kundane.

Butikken til verksemda kan skildrast som eit apotek utan medisin. Der er eit breitt utval av hjelpemiddel-produkt, hjelpemiddel ein ikkje får hos dei vanlege hjelpemiddelsentralane.

– Har vi noko kunden ikkje finn i butikken, kan vi skaffe det, fortel Aarseth og Lorvik.

I butikken finn ein også eit stort utval av ernæringsprodukt for dei som kan slite med å få i seg nok ernæring. Dette er ikkje uvanleg hos eldre.

Fotpleiar

Fotpleiar Ann Sofie Forberg held også til vegg i vegg med butikken, noko butikkdrivarane ser på som eit stort pluss.

I første omgang held Banda-butikken ope tre dagar i veka.

– Vår verksemd er den einaste i distriktet, og vi har god tru på at det skal vere grunnlag for drifta som er eit godt supplement innan denne bransjen, seier Aarseth og Lorvik.