Jubilerer denne veka

20 år med vinmonopol i Ørsta

I år er det tjue år sidan Vinmonopolet kom til Ørsta, og etablerte seg i R-senteret i Hovdebygda. Sidan har det vore ei rivande utvikling.

Tilsette: Inger Anne Hjorthaug, Oddbjørg Nupen, Monica Romuld Holsvik, Anne Karin Brautaset Bae, Lillian Nybø Brune og Espen Hodne-Viddal er dei kundande møter hos Vinmonopolet i Ørsta.  Foto: Rune Sæbønes

Vi er stadig i endring for å tilpasse oss kunden og marknaden

Nyheiter

– Vi opna på R-senteret i Hovdebygda i 1998, som diskbutikk med seks kasser. Vi er tre medarbeidarar igjen frå den tid. Nordfjordeid som opna i 1991 – og som då var eitt av dei tre første pola i Sogn og Fjordane, og Ålesund sentrum, var næraste polutsal før vi fekk eige pol, fortel dagleg leiar Anne Karin Brautaset Bae ved Vinmonopolet i Ørsta.