– Ytre har allereie ekspress-tilbod

– Vi har stor forståing for at ordførarane på ytre søre ynskjer eit betre ekspressbusstilbod. Men det er feil å seie at dei ikkje har det.

Ekspressbuss: Svein Ivar Aarskog fortel at det allereie er etablert ekspressbuss i ytre.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Fagansvarleg Svein Ivar Aarskog i samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommunen har notert seg at ordførarane på ytre søre Sunnmøre ynskjer å endre dagens ekspressrute, frå å gå via Ørsta og Vartdalsstranda, til å ta ytre vegen via Ulstein og Hareid.

Aarskog peikar på at dagens opplegg er i samsvar med strategivedtak i fylkestinget og etableringa av terminalen i Garnes-krysset.

– Strategivedtaket byggjer mellom anna på granskingar blant pendlarar i Ørsta og Volda. Her kom det klart fram at passasjergrunnlaget ville verte redusert dersom reisetida vert lenger, seier Aarskog.

Han fortel at det vil ta Framekspressen tjue minutt lenger tid nordgåande og ti minutt lenger tid sørgåande med å velje ei ytre rute.

– Det er eit ekspresstilbod Fosnavåg–Ålesund allereie. Det går buss i ruta Fosnavåg – Hareid, snøggbåt til Skateflukaia, og der korresponderer det med Framekspressen som ventar.