Skal spare med fleire på jobb

Det er ikkje meir å kutte. Difor må fleire vere på jobb for å hindre vikarutgifter.

Ørstaheimen: Institusjonsdrifta i Ørsta kommune har stramme budsjett. Eit tiltak for ikkje å redusere i drifta, er å hindre bruk av vikarar gjennom mindre sjukefråvær. 

Nyheiter

Seksjonen for omsorg og rehabilitering, som har ansvaret for sjukeheimane og heimebasert omsorg, skal spare pengar med å redusere sjukefråværet.

– Å redusere sjukefråværet og dermed bruken av vikarbyrå og andre vikarar, er avgjerande for å halde driftskostnadene nede. Dette må vi alle vere med på, skriv seksjonsleiar Inger B. Liadal i budsjettkommentaren.

Seksjonen har 105 plassar i sjukeheimane, og det er samla etablert 34 bustader med heildøgns omsorg i tidlegare institusjonsrom. Vallamarka med tjue nye omsorgsbustader er ferdig til bruk, og tildelingskontoret har tildelt fleire av bustadene.

– Skal vi greie å møte utfordringane i framtida må vi byggje på dei tiltaka som allereie er etablert, og halde i drift hittil. Budsjettet baserer seg på noverande drift, og er svært stramma inn, kommenterer Liadal.

Ho gjer greie for at den tradisjonelle eldreomsorga vert utfordra på at kommunen må handtere fleire aldersgrupper og andre medisinske utfordringar enn tidlegare, samstundes som seksjonen må ruste seg for framtida.