Boka «Søsken til evig tid»

Longvastøl til Ørsta og Volda

Vartdalingen Ivar Myklebust Longvastøl (61) har skrive boka «Søsken til evig tid». Han kjem til Ørsta og Volda til helga for å signere boka og fortelje om søskena Oddny og Magnar Kleiva frå Naustdal i Sunnfjord.

Søsken til evig tid: Oddny og Magnar slo med stuttorv sommaren 2018, som dei har gjort sidan dei var born. Foto: Ivar M. Longvastøl 

Det krokrygga søskenparet nærmar seg begge 80 år og driv framleis småbruket med kyr og kalvar

Nyheiter

– Det var Frode Fimland, mannen bak suksessfilmane om søskenparet Oddny og Magnar, som spurde om eg ville skrive boka om dei. Eg sa først nei, fordi eg meinte det ville vere umogleg å skrive ei god bok etter dei to vakre filmane. Så ombestemte eg meg, fordi eg såg at ein stor del av historia om Oddny og Magnar ikkje var fortalt. Eg bur sjølv i Naustdal og kjenner folket og bygda, og eg hadde lyst på ei ny utfordring, fortel Myklebust Longvastøl.

Forfattar: Ivar Myklebust Longvastøl har skrive boka «Søsken til evig tid». Pressefoto: Samlaget  Foto: Bent Are Iversen

 

Det krokrygga søskenparet nærmar seg begge 80 år og driv framleis småbruket med kyr og kalvar. Dei to filmane «Søsken til evig tid» og «Søsken til evig tid – Amerikareisa» fekk to millionar sjåarar på kino og på TV2. Svært mange nordmenn vart glade i dei to. Søskena lever eit enkelt og nøysamt liv i nær kontakt med dyra og naturen.

– Skulle det vere nokon vits i å skrive ei bok, måtte eg komme inn på dei vanskelege tinga i livet deira, seier Myklebust Longvastøl.

Som det står på vaskesetelen til boka: «Ein gong var dei seks i familien. Ei av søstrene var fødd utanfor ekteskap, ein anna var utviklingshemma. Det var harde kår på den gamle husmannsplassen. Ingen av søskena gifta seg eller fekk born. No er berre Oddny og Magnar igjen, men ein ny familie har flytta inn på garden.»

Mannen i den nye familien er Per Tore Hove (33), naboguten som vart som ein son for Magnar Kleiva, og som har bygt hus på garden og ein dag skal overta. Hove kjem frå eit gardsbruk lenger oppe på Kleiva, og han er i slekt med personar i Ørsta kommune som har sett sterke spor etter seg, blant dei ordførar Stein Aam og Håvard Vartdal i Vartdal Plast, som begge stammar frå Kleiva.

Meldar Terje Lyngstad, tidlegare teatersjef og no lærar og skribent, har meldt boka i avisa Firda. Han skriv at «Det er litt av ei utfordring Longvastøl har teke på seg, å hoppe etter Frode Fimlands suksessfilmar, som er sett av over to millionar menneske, og som har vunne fleire prestisjetunge prisar både i Norge og i utlandet. Skepsisen forsvinn frå første side. Boka om Oddny og Magnar Kleiva frå den vesle garden Kleiva i Naustdal kommune gir oss andre perspektiv enn filmane.»

Boksignering: Oddny og Magnar Kleiva på boksignering i Naustdal. Køen av folk som ville kjøpe boka var nær endelaus. 

 

Allereie to veker etter lanseringa er boka inne på tredjeplass på bestseljarlista til bokhandlarane i Norge, hakk i hel på Petter Northug og Sylvi Listhaug. Boka kjem ut på Det Norske Samlaget.