Vil kvitte seg med kommunale vegar

Private kan verte tvinga til å ta over kommunale vegar.

Illustrasjonsfoto  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

Eit av innsparingstiltaka i drifta i Ørsta kommune dei komande åra, er å nedskrive kommunale vegar.

Av budsjett- og økonomiplanforslaget går det fram at kommunen vil kvitte seg med 13 km med kommunale vegar i 2019. Det vil gje ei innsparing på 1,3 millionar kroner. Dette utgjer 7,8 prosent av den totale veglengda med kommunale vegar i Ørsta kommune.