Vil ha Fram-ekspressen via Ulstein/Hareid

Ordførarar på Ytre ønskjer at Fram-ekspressen skal køyre om Ulstein i staden for Ørsta/Vartdal.

Sjustjerna-møte: Brorparten av ordførarane og rådmennene i dei sju kommunane på Søre Sunnmøre var samla til møte på Ulstein bibliotek fredag. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyheiter

På ordførarmøtet fredag fortalde ordførarane i Herøy, Ulstein, Sande og Vanylven at brukarane i dag ikkje har eit fullverdig busstilbod. Dei vil i utgangpunktet betre på dette ved å legge om ruta frå Kristiansund til Volda til å gå om Ytre Søre Sunnmøre i staden for Ørsta/Vartdalsstranda. Men ein er og villege til å sjå på andre løysingar, som å få ei rute mellom Fosnavåg og Moa med same frekvens som Framekspressen.