Kuttar i brøyting på Bondalseidet

Ørsta skisenter kan få ekstrautgift på 150.000 kroner

Illustrasjonsfoto  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Ørsta Skisenter As har i fleire år nytt godt av at Ørsta kommune tek seg av brøytinga på parkeringsplassane. det vert det no slutt på, ifølgje budsjettframlegget til rådmannen.

Det er seksjon for tekniske tenester som har hatt ansvaret for brøytinga, og med å overlate ansvaret for brøytinga til Ørsta skisenter sjølve, sparer kommunen 150.000 kroner i årlege utgifter.

Seksjon for tekniske tenester har også fleire andre forslag til reduksjonar. Mellom anna vil seksjonen framleis vente med å tilsetje i ei vakant stilling på planavdelinga. Stillinga har vore vakant i snart to år.

Følgjene er at kommunen ikkje kan møte dei forventningane om planprosessar som er venta.

– I tillegg til at dette gjev ein utilfredsstillande arbeidssituasjon, med konsekvensar for trivsel og helse, heiter det.