Kurs i depresjonsmeistring

– Vi ønskjer å ufarleggjere dette med depresjon. I løpet av livet vil dei fleste menneske oppleve depresjonssymptom.

Held kurs: Janita Sporstøl Krøvel og Ingvill Korsfur Ose er begge psykiatriske sjukepleiarar. Etter nyttår inviterer dei til kurset «Kurs i Meistring av Depresjon».  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Dei psykiatriske sjukepleiarane Janita Sporstøl Krøvel og Ingvill Korsfur Ose i Ørsta kommune vil over nyttår halde kurset «Kurs i Meistring av Depresjon» (KID).

– Dette er ikkje terapi, men eit kurs der folk kan lære seg verktøy for å kunne hjelpe seg sjølve ut av depresjonen. Det er ofte slik at om folk har opplevd depresjon, kan det lett kome tilbake seinare i livet. Vi tenkjer at det er stort behov for eit slik kurs. Det kan vere meir nyttig, enn til dømes samtaleoppfølging, eller som eit supplement til det, seier dei to.

Dei har sjølv teke kurs for å verte sertifiserte som kurshaldarar. Og kurset er for vaksne som er nedstemde/deprimerte, eller som har erfaring med depresjonssymptom. Det vil gå over ti samlingar, kvart på 2,5 timar, og det er plass til 12 deltakarar.

Oppstart er 7. januar, og med påmeldingsfrist 3. desember.

Målet med kurset er å redusere lengda av depresjon, redusere intensitet av symptoma, få tilbake funksjon og førebygge nye episodar med depresjon.

– Folk kan vere så aktive som dei sjølv ønskjer på kurset. Det vert litt eigenarbeid med oppgåver, som er viktige å gjere for å få utbytte av kurset, elles er det opp til kvar enkelt kva dei ønskjer å bidra med. Vi legg opp til veldig generelle tema i plenum, fortel dei.

Dei fire første gongane skal deltakarane lære seg om dei ulike metodane. Dei fire neste gongane skal dei lære seg å bruke metodane, og dei to siste gongane vert det oppfølgingsdagar.

– Enkelt forklart handlar dette om å vere klar over korleis tankane påverkar kjenslene. Fokuset vil vere på sosialt samspel og kjekke aktivitetar. Det er berre å ta kontakt med tenesta for psykisk helse, eller gjennom andre i helsetenestene om nokon ønskjer å få vite meir, oppmodar Janita Sporstøl Krøvel og Ingvill Korsfur Ose.