Eiksundtunnelen vart stengd etter røykutvikling

Eiksundtunnelen var stengt i nær ein og ein halv time tysdag morgon.

Det var kraftig røykutvikling i Eiksuindtunnelen i morgontimane.  Foto: FOTO: TARJEI ENGESET OFSTAD/Sunnmørsposten

Nyheiter

Politiet melder kl. 08.00 at Eiksundtunnelen er stengt. Det er meldt om kraftig røykutvikling rett ved innsida av tunnelen på Ørsta-sida.

Då brannvesenet kom til staden om lag eit kvarter seinare, var det inga røykutvikling. Røykutvikling vert forklart med at det mogleg har vore varmgang i bremser til eit større køyretøy. Opning av tunnelen vert vurdert fortløpande.

Etter nærmare undersøkingar vart det observert røyk i botnen av tunnelen. Ein tauebil er sendt inn, melder politiet kl. 08.50.

Kl. 09.20 vart tunnelen opna for trafikk igjen. Då var både lastebilen som valda problem og sjåføren ute av tunnelen.