Vil ha flybuss på Hovden

Nyheiter

Avinor ønskjer flybuss til og frå Hovden. Det går fram av eit innspel i samband med rulleringa av kommunen sin energi- og klimaplan.

– For Avinor er det viktig om det kunne leggjast til rette for eit bussamband til Ørsta-Volda lufthamn Hovden, som eit miljøvennleg alternativ til bruk av privatbilar. I samband med dette er det nødvendig å få etablert ei rundkøyring i staden for t-kryss mellom Torvmyrvegen og E39.

– Like viktig som å få på plass ny rundkøyring i Hovdebygda, vil det vere å få til ei lenging av Torvmyrvegen. Det vil kunne gi betre logistikk med gjennomgåande busstilbod forbi lufthamna.

Det skriv lufthamnsjef Terje Nergård i innspelet.