Ny start for Karoline Mo Ryste

Ny frisør i Ørsta

– Det var berre å brette opp ermene og prøve på nytt.

Ny start: Ho held fast på draumen om å vere sin eigen sjef, og satsar på nytt etter konkursen i Volda. Karoline Mo Ryste elskar jobben sin som frisør. – Eg har lært mykje den siste tida. No ser eg framover, seier ho, frå sine nye lokale i Meieribygget i Ørsta sentrum.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Karoline Mo Ryste hadde sin første opningsdag på Ryste Hår og Vipper i Meieribygget i Ørsta sentrum, måndag. Tidlegare i haust måtte ho stenge dørene i frisørsalongen sin Klippit i Volda grunna konkurs.