Nedgang i arbeidsløysa i Ørsta

Det er 22 færre utan arbeid i Ørsta enn for eit år sidan.
Nyheiter

Dette går fram av tal frå Nav i Møre og Romsdal.

Ved utgangen av oktober var det 114 arbeidsføre utan arbeid i Ørsta.  77 av dei er menn og  37 er kvinner. Talet på arbeidsledige i Ørsta utgjer to prosent av arbeidsstyrken. Nedgangen siste månad utgjer 10 personar.

I Volda er situasjonen meir stabil. Der er 85 personar utan arbeid og det er ein mindre enn for eit år sidan. 1,9 prosent av arbeidsstyrken i Volda er no utan arbeid.

Nedgang i fylket

– Den siste månaden er det 187 færre arbeidslause i Møre og Romsdal. Arbeidsløysa er vanlegvis ganske lik i september og oktober. Når vi tek omsyn til dei vanlege svingingane knytt til årstida har vi ein reduksjon på 160 personar. Dette gjer at vi for fyrste gong på fleire år har ein lågare arbeidsløyseprosent enn landet samla sett, seier fylkesdirektør Stein Veland.

– Det siste året har hatt vi ein nedgang i arbeidsløysa i alle arbeidsmarknadsregionane i fylket, unntatt på indre Nordmøre. Auken på 1,7 prosent på indre Nordmøre er ikkje urovekkande, sidan arbeidsløysa der er heilt nede på 1,3 prosent. Størst er reduksjonen på ytre Nordmøre og i Romsdal, med ein reduksjon på rundt 20 prosent. Ei viktig årsak til dette er at Kristiansund kommune har hatt ei svært god utvikling. Arbeidsløysa der er for fyrste gong på fleire år under tre prosent, seier Veland.

I oktober 2018 er 3 006 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 2,2 prosent av arbeidsstokken. Dette er ein nedgang i arbeidsløysa på 13,5 prosent frå same månad i fjor.

I oktober 2018 har vi 824 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 290 færre enn i oktober 2017. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 3 830 personar i fylket. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 1,9 prosent for kvinner og 2,4 prosent for menn.

I landet er det 61 531 heilt arbeidslause. Dette er 2,2 prosent av arbeidsstokken, og er ein nedgang på 6,8 prosent samanlikna med same periode i fjor.