Jon Helge er årets eldsjel

Jon Helge Bjørndal er blitt kåra til årets eldsjel 2018 og vart heidra på Color Line Stadion søndag.

Nøgd så det susar: Jon Helge Bjørndal og kona Maria Terisa Cubian var sjølvskrivne gjester på VD-arena då den første kampen vart spelt på den nye bana tidlegare i haust.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Årets eldsjel har gjort ein solid frivillig innsats for sin klubb og vore eit forbilete for andre i sunnmørsfotballen. I år gjekk heideren til Jon Helge Bjørndal som gjennom mange har lagt ned ein stor innsats for Vartdal TIL. Bjørndal var ein av tre finalistar, og vinnaren vart offentleggjort søndag føremiddag i samband med kampen mellom AaFK og Levanger på Color Line Stadion.


Kan bli årets eldsjel på Sunnmøre

Jon Helge Bjørndal, Vartdal T.I.L er ein av tre finalistar i kampen om å bli "Sunnmøres eldsjel" i år.

 

- Heilt fantastisk, og dette hadde eg aldri venta. Det var ei stor ære å bli nominert, og eg set stor pris på at folk meiner er at eg har gjort ein så svære jobb at eg fortener ein slik pris. Takk til dei på Vartdal som har nominert meg, og eg er veldig glad i dokke. Heia Vartdal! sa Bjørndal etter prisutdelinga.


Jon Helge Bjørndal

"På bygdene må vi skape våre eigne tilbod"

– Ja, det vart det uverkelege året. Og nokre uverkelege veker. Bana er klar etter 40 års kamp. Og så vart eg gift også.

 

Som årets eldsjel får Bjørndal 5.000 kroner frå Sparebanken Møre og 5.000 kroner i gåvekort frå COOP. Vartdal TIL får 15.000 kroner frå Sparebanken Møre og 15.000 kroner i gåvekort frå COOP. I tillegg vil den som nominerte Bjørndal til prisen få 2.000 kroner i gåvekort frå COOP.


300 publikummarar trassa sinte vêrgudar for historisk kamp

Jubel trass heimetap på Vartdal sin nye stadion

Det regna og bles så mykje at det ikkje burde vere lovleg. Men på Vartdal sin nye stadion var stemninga likevel varm under tidenes første A-lagskamp.